Nytt pr. 12. januar 2010:

Innkalling til årsmøte i Bærum Mållag og ope møte onsdag 20. januar 2010 i Biblioteket på Bekkestua

Det blir årsmøte i Bærum Mållag onsdag 20. januar 2010 klokka 18.30 i Biblioteket, Bekkestua, møterom 2, til venstre i vestibylen.


Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  2. Val av møteleiar, referatskrivar og to til å underteikne protokollen
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Årspengar for 2011 (den delen lokallaget skal ha)
  6. Val av styre, revisor, valnemnd, utsending til landsmøtet i Noregs Mållag og til årsmøtet i Fylkesmållaget Vikværingen
  7. Eventuelt

Det blir pause med kaffi/te og kaker.


Leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård held foredrag om aktuelle mållagssaker etter pausen. Vel møtt!

Sakslista og årsmøteinnkallinga finn du og her:
Årsmøteinnkalling 2009

Årsmeldinga for 2009 finn du her:
Årsmelding 2009:

Rekneskapen for 2009 finn du her:
Rekneskap- 2009:

Årsprogrammet for 2010 finn du her:
Årsprogram- 2010:

Landsmøtet i Noregs Mållag 2010

Landsmøtet vert på Stiklestad i Nord-Trøndelag 16.-18. april.

Meir informasjon om landsmøtet og referat finn du her på NMs nettsider:
Landsmøte - 2010:

Nytt pr. 19. februar 2010:

Mållaga i Asker og Bærum skipar til fest på Asker Museum 10. mars 2010 kl. 19.

Det blir foredrag av Anders Aschim om Elias Blix og Arne Garborg. Etter foredraget blir det servert spekemat, kaker og kaffe. Påmelding innan 8. mars. Plakaten for denne vårfesten med opplysningar om påmelding m.m. finn du her:
Vårfest 2010:


Nytt pr. 21. februar 2010:

Hugs årsdagsfeiringa søndag 7. mars kl. 17.- på Artista kafe i Sandvika

Årsdagsfeiringa finn du i årsprogrammet for 2010 her:
Årsprogram- 2010:

5 år sidan Bærum Mållag kom på Internett

28. februar er det fem år sidan vi fekk til eiga internettside.

Referat frå årsmøtet 20. januar 2010

Årsmøtereferatet finn du her:
Årsmøtereferat 2010:


Nytt pr. 6.juni 2010:

Bærum Mållag innmeldt i Frivilligregistret. Grasrotordninga.

Bærum Mållag er nå registrert i Frivilligregistret i Brønnøysundregistra og er dermed med i grasrotordninga.Organisasjonsnummeret vårt er : 995 426 161. Grasrotordninga går ut på at dei som spelar gjennom Norsk Tipping kan gje 5 % til sitt lokallag - t.d. Bærum Mållag. Meir om grasrotandelen finn du her: Grasrotandelen

Nytt pr. 27.august 2010:

Byfest i Sandvika laurdag 28. august 2010

Her er Bærum Mållags program under byfesten:
Byfesten- 2010- BM-program:

Sjå og programmet for heile byfesten her(lenke): Sandvika byfest - 2010:

> Haustfestprogram:



Nytt pr. 21.september 2010:

Den europeiske språkdagen søndag 26. september 2010 kl. 14 - 16 i Bærum kulturhus i Sandvika

Spanande aktørar frå inn- og utland formidlar sine tankar om språkleg fridom og språkleg mangfald. Bærum Mållag er arrangør i samarbeid med Fondet for dansk-norsk samarbeid, NORSK PEN, Språkrådet og Bærum kommune. Her er programmet:
Språkdagen - 2010- BMs-program:


Nytt pr. 25.oktober 2010:

Asker Mållag og Bærum Mållag inviterer til haustfest på Asker Museum tysdag 16. november 2010 kl. 19.00

Foredrag ved Karl Anders Hovden om diktarpresten Anders Hovden. Servering. Her er programmet: