Nytt pr. 2. februar 2009:

Innkalling til årsmøte i Bærum Mållag og ope møte tysdag 10. februar 2009 i Kommunegården i Sandvika

Det blir årsmøte i Bærum Mållag tysdag 10. februar 2009 klokka 18.30 i Kommunegården, Sandvika, møterom M4/G1 i tredje etasje.


Framlegg til sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  2. Val av møteleiar, referatskrivar og to til å underteikne protokollen
  3. Årsmelding for 2008
  4. Rekneskap for 2008
  5. Årspengar for 2010 (den delen lokallaget skal ha)
  6. Val av styre, revisor og valkomite
  7. Eventuelt

Det blir pause med kaffi/te og kaker.

Ope møte ca. kl. 19:45 (etter årsmøtet) med underhaldning av visesongar Olav Stedje

Fri inngang. Vel møtt!

Sakslista og årsmøteinnkallinga finn du her:
Årsmøteinnkalling 2009

Referat frå årsmøtet 2009

Referatet finn du her:
Årsmøtet 2009:

Landsmøtet i Noregs Mållag 2009

Landsmøtet var i Oslo fredag 24. april - sundag 26. april. Idun Stokka var vår utsending.

Ein kunne møte som observatør for å høyre på foredraga. Meir informasjon om landsmøtet og referat finn du her på NMs nettsider:
Landsmøte - 2009:

Årsmeldinga for 2008 finn du her:
Årsmelding 2008:

Rekneskapen for 2008 finn du her:
Rekneskap- 2008:

Nytt pr. 28. august 2009:

Byfesten i Sandvika laurdag 29. august 2009

Bærum Mållags program finn du her:
Bærum Mållags program:

Kåring av årets ord - Bærumsordet 2009

Bærum Mållag kårar "Bærumsordet 2009" under byfesten. Alle er velkomne til å sende inn kreative framlegg til årets ord! I 2008 var det "Kolsåsbanen" som vann. I 2007 var det "Lommedalsengler" som blei valt av fagjuryen, etter solid oppmoding frå mange bæringar. Andre nominerte ord i 2007 var "Klokkespill", "Gulveis" og "Strandsone". Desse orda blir også med i kåringa av årets ord, dersom publikum vil. Bli med når vi nå kårar eit nytt aktuelt og typisk bærumsord! Send inn ditt framlegg her: e-postadresse . Hugs også å skrive namn, e-postadresse og telefonnummer. Du kan også levere inn ditt beste bærumsord i Bærum Mållag si marknadsbu under byfesten i Sandvika laurdag 29. August frå kl. 10.00. Laurdag kl. 15.00 kårar vi årets ord. Fagjuryen er tilstades og fortel kvifor nettopp dette ordet er valt. Fine bokpremiar blir også delt ut til tre av deltakarane i konkurransen.

Meir informasjon om byfesten finn du her på Sandvika byfest sine internettsider:
Sandvika byfest:


Nytt pr. 30. oktober 2009:

Årsmøte i Bærum Mållag onsdag 20. januar 2010

Årsmøtet blir på Bekkestua Bibliotek i Møterom 2 den 20. januar. Årsmøteinnkalling kjem på nyåret.

Teaterkveld på Det norske teatret 2. desember

Tjueåtte personar frå BM var på framsyninga: "Per Sivle. Ikkje lenger enn min kjærleik rekk. Eit portrett av diktaren og journalisten. Med Jon Eikemo" kl. 19:30 2. desember på scene 2.

Byfesten i Sandvika laurdag 29. august 2009

Bærum Mållags program finn du her:
Bærum Mållags program:

Kåring av årets ord - Bærumsordet 2009

"Bærumsordet 2009" vart kåra under byfesten. I år vart det "arena". I 2008 var det "Kolsåsbanen" som vann. I 2007 var det "Lommedalsengler" som blei valt av fagjuryen, etter solid oppmoding frå mange bæringar. Og i 2006 var det Kalvøya

Meir informasjon om byfesten finn du her på Sandvika byfest sine internettsider:
Sandvika byfest: