Nytt pr. 30. januar 2008:

Innkalling til årsmøte i Bærum Mållag og ope møte måndag 11. februar 2008 i Kommunegården i Sandvika

Det blir årsmøte i Bærum Mållag måndag 11. februar 2008 klokka 18.30 i Kommunegården, Sandvika, møterom M2/M3 i første etasje.


Framlegg til sakliste:

  1. Årsmelding for 2007
  2. Rekneskap for 2007
  3. Val (Innstilling frå valnemnda blir lagd fram på møtet)
  4. Årspengar for 2009 (den delen lokallaget skal ha)
  5. Val av (eventuelt) 1 utsending til landsmøtet i Noregs Mållag i Stavanger 25. - 27.april og 2 utsendingar til årsmøtet i Fylkesmållaget Vikværingen (tid og stad blir fastsett seinare)

Det blir kaffi/te og kaker.

Ope møte kl. 19.45 (etter årsmøtet) med diktlesing av Guri Vesaas

Sakslista og årsmøteinnkallinga finn du her:
Årsmøteinnkalling 2007


Musikkførestellinga "Sølvfell og eg" (på nynorsk) på Stabekk kulturhus 1. februar 2008, kl 19.

Meir informasjon:


Trykk her for informasjon (plakat) "Sølvfell og eg"

Årsmelding og rekneskap for 2007:

Årsmeldinga for 2007 finn du her:
Årsmelding 2007:

Rekneskapen for 2007 finn du her:
Rekneskap- 2007:


Nytt pr. 12. mars 2008:


Referat frå årsmøtet 11. februar 2008

Her er referatet:
Årsmøtereferat 2008:


Nytt pr. 9. juni 2008:


Betre sidemålsundervisning i Bærum 2003-2005 - eit prosjekt for ungdomsskulane i Bærum


Bærum Mållag har skrive til kommunen og bede om at arbeidet for betre sidemålsundervisning blir vidareført. Her er brevet - på fem sider:
Tilbakemelding om sidemålsprosjektet i Bærum

Sjå og: Lærarar lærer nynorsk. Der er det lenkje til: Ressursbase for sidemålsundervisning i Bærum

Nytt pr. 13. august 2008:

Byfest i Sandvika laurdag 30. august 2008

Bærum Mållag er med på byfesten i Sandvika i år og. Møt opp utafor bua vår laurdag 30. august 2008 kl. 11.00 - 15.00.

Her er plakaten vår:

Byfest 2008


Plakaten i full storleik finn du ved å trykke på biletet her: Byfest i Sandvika 2008, Bærum Mållag

Kåring av årets ord Bærumsordet 2008

Bærum Mållag kårar "Bærumsordet 2008" under byfesten. Alle er velkomne til å sende inn kreative framlegg til årets ord! I fjor var det "Lommedalsengler" som blei valt av fagjuryen, etter solid oppmoding frå mange bæringar. Andre nominerte ord i fjor var "Klokkespill", "Gulveis" og "Strandsone". Desse orda blir også med i kåringa av årets ord, dersom publikum vil. I tillegg er det nominert ord som "Bærumstrikk", "Markagrense", "Ramslauk" . Bli med når vi nå kårar eit nytt aktuelt og typisk bærumsord! Send inn ditt framlegg her: e-postadresse . Hugs også å skrive namn, e-postadresse og telefonnummer. Du kan også levere inn ditt beste bærumsord i Bærum Mållag si marknadsbu under byfesten i Sandvika laurdag 30. August frå kl. 10.00. Laurdag kl. 15.00 kårar vi årets ord. Fagjuryen er tilstades og fortel kvifor nettopp dette ordet er valt. Fine bokpremiar blir også delt ut til tre av deltakarane i konkurransen.

Sjå og programmet for heile byfesten 28. - 31. august her(lenke):
Sandvika byfest


Nytt pr. 6. september 2008:

Wergelands-matiné i Lommedalen kyrkje laurdag 20.september kl.1500

Informasjon om Wergelandsmatine i Lommedalen kyrkje finn du her:
Wergelandsmatine:


Nytt pr. 4. november 2008:

Haustfest 18.november kl.1900

Informasjon om haustfesten på Asker Museum finn du her:
Haustfest 2008:



Nytt pr. 29. november 2008:

Julekonsert i Nordberg kyrkje 5. desember 2008 kl. 19.

Geirr Lystrup har laga ei vakker forteljing med song - (tekster på nynorsk) om Jomfru Maria og Ongen, medan musikken er russiske folkemelodiar.Sjå informasjon frå Nordberg menighet her:
Julekonsert:

Nynorsk filmpakke

Sjå nettsida Nynorsk som sidemål i grunnskolen: Dei har nettopp gjeve ut ei samling med filmar til undervisningsbruk:


Trailer for nynorskfilmane:

Ivar Aasen. Dagbok.

Marit Hovdenak har laga eit utdrag frå dagbøkene til Ivar Aasen der han var innom Bærum:
Ivar Aasen i Bærum: