Nytt pr. 5. februar 2007:


Innkalling til årsmøte i Bærum Mållag og ope møte tysdag 13. februar 2007 i Kommunegården i Sandvika

Det blir årsmøte i Bærum Mållag tysdag 13. februar 2007 klokka 19.00 i Kommunegården, Sandvika, møterom M1 i første etasje.


Framlegg til sakliste:

  1. Årsmelding for 2006
  2. Rekneskap for 2006
  3. Val (Innstilling frå valnemnda blir lagd fram på møtet)
  4. Årspengar for 2008 (den delen lokallaget skal ha)
  5. Val av (eventuelt) 1 utsending til landsmøtet i Noregs Mållag i Stjørdal 27. - 29.april og 2 utsendingar til årsmøtet i Fylkesmållaget Vikværingen (tid og stad blir fastsett seinare)

Det blir kaffi/te og kaker.

Ope møte kl. 20 (etter årsmøtet) med foredrag av Audgunn Oltedal: Nynorsk i Bokmålsland

Sakslista og årsmøteinnkallinga finn du her:
Årsmøteinnkalling 2007

Årsmeldinga for 2006 finn du her:
Årsmelding 2006:


Nytt pr. 1. mars 2007:


Årsmøtet 2007 vart halde i Sandvika 13. februar 2007. Her er referatet:
Årsmøtet 2007:

Rekneskap for 2006:
Rekneskap 2006:


Nytt pr. 18. mars 2007:


Rå revy vann:

Galskapen vann over stilen då Nadderud fekk prisen på 5000 kroner for beste nynorskinnslag under skolerevyane i Bærum 2007. Jurymedlemene Are Kalvø og Sylfest Lomheim meinte at Nadderudrevyen tok for seg nynorsken som fenomen i ein spesiell del av landet på ein rå og militant måte, og at dei ga tilskodarane reine hakesleppet i måten å bruke overhead på.

Revysesongen vart avslutta måndag 12. mars og Dønski-revyen konkurrerte lenge med Nadderud om prisen. Etter lang samråding konkluderte juryen med at innslaget frå Dønski var eit stilig, stramt og velregissert revynummer, men at det mangla den rå og overraskande tonen og spelestilen til Nadderud.

- Neste år kjem alle skolerevyane til å vere på nynorsk, sa ein oppglødd Are Kalvø etter å ha klappa seg gjennom fleire skolerevyar fulle av entusiasme og speleglede.

Bærum Mållag er godt nøgd med responsen frå bærumsungdomane, og håper konkurransen om beste nynorsknummer kan bli eit fast innslag i revyane framover.


Her er omtalen i Asker og Bærums Budstikke den 13.mars 2007 av revykonkurransen (lenke):
Budstikka 13.mars 2007:

Nytt pr. 21. august 2007:


Byfest i Sandvika 25.august 2007:

Bærum Mållag er med på byfesten i Sandvika i år og. Møt opp utafor bua vår laurdag 25. august 2007 kl. 12.00 - 18.00.

Her er programmet vårt:

Byfest 2007


Programmet i full storleik finn du ved å trykke på biletet her: Byfest i Sandvika 2007, Bærum Mållag

Stemmesetel og utval av ord for kåring av bærumsordet 2007 finn du her: Bærumsordet 2007

Sjå og programmet for heile byfesten 23. - 26. august her(lenke):
Sandvika byfest

Nytt pr. 9. september 2007:


Mikkelsmessarrangement i Lommedalen kyrkje torsdag 27. september 2007 kl. 19:

Bærum Mållag er medarrangør. Program 27. sept. 2007

Søndag 30. september blir det nynorskgudsteneste i Lommedalen kyrkje.

Byfesten 25. august 2007:

Erling Lægreids kåseri under byfesten finn du her: Kåseri

Bilete frå byfesten:

Trykk på bileta for å få full storleik!

Idun Stokka, Erling Lægreid og Audgunn Oltedal Frå venstre: Idun Stokka, Erling Lægreid og Augunn Oltedal
Språklappgjengen Språklappgjengen
Juryen: Arne Torp, Margit Løyland og Stig Olai Kapskarmo Juryen for bærumsordet:Arne Torp, Margit Løyland og Stig-Olai Kapskarmo

Alle foto: Annlaug Bråten.

Kåring av bærumsordet gav dette resultatet:

  1. Nr.1: "lommedalsengler"
  2. Nr.2: "gulveis"
  3. Nr.3: "klokkespill"

Nytt pr. 23. oktober 2007:


Velkomen til mållaga sin haustfest torsdag 29. november 2007 kl. 19:

Med Olav Vesaas på Asker Museum. Sjå vedlegget under med program. og fortel kjente om festen! Påmeldingsfrist: 20. november. Haustfest 29. november 2007: Program

Vil du vita meir om kva som vart gjort i 2006 sjå:
Arkiv 2006:

Vil du vita meir om kva som vart gjort i 2005 sjå:
Arkiv 2005:

Til alle som har e-post adresse: Ver snill og send adressa til: John Sundsby . Vi ynskjer å bruke Internett for å nå medlemmene: enklare og billegare for laget. På førehand takk!


Tilbake til framsida

Valid HTML 4.01!