Nytt pr. 5.februar 2006:


Invitasjon til møte:

Tysdag 14. februar kl.17.00-19.00 i Bekkestua bibliotek, Gamle Ringeriksvei 44

Kva framtid har nynorskfaget i bokmålskommunen Bærum?
Oppsummering av prosjektet "Betre sidemålsundervisning i Bærum"

Innleing, kommentarar og diskusjon


Innkalling til årsmøte i Bærum Mållag tysdag 14. februar kl. 19.30-20.30 på Bekkestua bibliotek, Gamle Ringeriksvei 44

Årsmøte kl.19.30-20.30


Framlegg til sakliste:

  1. Årsmelding for 2005
  2. Rekneskap for 2005
  3. Val
  4. Årspengar for 2007 (den delen lokallaget skal ha)
  5. Val av utsending til landsmøtet i Noregs Mållag i Oslo i april
  6. Val av utsending til årsmøtet i Fylkesmållaget Vikværingen

Her er referatet frå årsmøtet 14. februar 2006:
Årsmøtet 2006. Referat.

Her er styret som vart valt på årsmøtet 14. februar 2006:
Styret i 2006


Og her er årsmeldinga for 2005:
Årsmelding for 2005


Nytt pr. 20. juli 2006:


23. - 26. august 2006 blir det arrangert byfest i Sandvika. Sjå:
Byfest i Sandvika

Bærum Mållag er med 26.august. Møt opp! Les dette:
Trykk her for pdf-fila: "Språkhuset under byfesten i Sandvika 26. august 2006"

(For å lesa denne fila treng du Adobe Acrobat Reader. Dersom du ikkje har dette programmet, kan du hente det frå:
Adobe Acrobat Reader )


MÅLLAGET PÅ BYFEST

Språkhuset til Bærum Mållag var eit av mange fargerike innslag under byfesten i Sandvika laurdag 26. august 2006. Her kan du sjå referat og bilete:
MÅLLAGET PÅ BYFEST

Nytt pr. 20. september 2006:

Til medlemene i Bærum Mållag:


MIKKELSMESS

Velkomen til kulturkveld i Lommedalen kyrkje onsdag 27.09.2006 kl. 19.00.

Saman med Asker og Bærum historielag og mikkelsmesskomiteen i Lommedalen presenterer
mållaget denne kvelden eit allsidig kulturprogram.

Statsstipendiat Ørnulf Hodne og songarinna Lilleba Lund Kvandal har sett saman eit program med song, tale og illustrasjonar om mikkelsmess og andre merkedagar. Dei vil i ord og tonar ta oss med gjennom kalenderåret og syne oss korleis helgenar, onnetider, vermerke og arbeidsliv prega årsrytmen.

Visegruppa Øi framfører folkeviser, og kunstnaren Johannes Rieber vil syne oss rundt i utstillinga som han har i Lommedalen kyrkje under mikkelsmessarrangementet.

Vi serverer kaffi og kake i pausen.
Inngangspengar kr 50,-


FØRJULSMØTE

I november vil Bærum Mållag invitere til litteraturkveld og førjulshygge på Asker museum saman med Asker Mållag. Vi kjem tilbake med dato for arrangementet.


Nytt pr. 26. oktober 2006:


Rasmus Løland (1861 - 1907). Markering 2007 - 2011.

Ei nemnd med representantar frå kommunane Asker og Suldal, fylkeskommunane Akershus og Rogaland, Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget har no utarbeidd eit forprosjekt for markeringa av forfattaren Rasmus Løland. Meir om forprosjektet finn du på nettsida:
Nashornet.no


Nytt pr. 3. november 2006:

Til medlemmer i Bærum Mållag - siste nytt!

Haustfesten 16.november 2006 kl. 19 på Asker Museum:
Påmelding innan 12. november til Marit Sandal Mortensen tlf 66782157 eller e-post: Marit Sandal Mortensen
Anne Joronn tlf 66783910

Inngang: Foredrag kr 60,- Foredrag og festmat kr 160,-.

Sjå og medlemsskrivet for november 2006:
Medlemsskriv november 2006


Til alle som har e-post adresse: Ver snill og send adressa til: John Sundsby . Vi ynskjer å bruke Internett for å nå medlemmene: enklare og billegare for laget. På førehand takk!


Tilbake til framsida

Valid HTML 4.01!