Dei frammøtte kunne også prøve dialektspel på PC, og røyste fram sitt beste bærumsord. Juryen kunne slå fast at det også i år vart eit stadnamn som gjekk av med sigeren.
Flest stemmer under kåringa fekk "Kalvøya". Sonja Bryndal frå Sandvika blei trekt ut blant dei som røysta fram sigersordet, og ho vann dermed førstepremien, den rykande ferske nynorskordboka frå Samlaget. På andreplass kom ungdomsordet "Keeg", stemt fram av m.a. Åsmund Hugo frå Avløs. Han fekk overrekt jubileumskopp frå Noregs Mållag. Det same gjorde tredjepremievinnar Nils Petter Haug frå Bærums Verk for ordet "lommedøl".
Vi viser to bilete frå byfesten:

1.Språkkavalkade ved Arne Torp - språkforskar ved Universitetet i Oslo - utanfor bua til Bærum Mållag. Han gav eksempel på 1500-tals norsk, gammalnorsk og urnordisk.

2.Her annonserer juryen bærumsordet 2006. Kalvøya fekk flest stemmer. Ordet keeg ("kul") kom på andreplass og lommedøl på tredjeplass. Juryen besto av f.v. Arne Torp, Marit Hovdenak frå Bærum Mållag og Stig Olai Kapskarmo frå Bærum kommunestyre.