BMlogo

NYNORSK I BOKMÅLSLAND:

Velkomen til Bærum Mållags nettsider

Bærum Mållag er eit lokallag i Fylkesmållaget Vikværingen som er fylkeslaget for Oslo, Akershus og Vestfold i Noregs Mållag.

Målet for arbeidet i Bærum Mållag er å halde ved like og styrke nynorsken si stilling i Bærum.


Nytt pr. 17. februar 2012:

Bærum Mållag blir 100 år onsdag 7. mars 2012. Kom til festmøte i Stabekk Kulturhus 7. mars kl. 18:30!

Bærum Mållag vart stifta 7. mars 1912, og på sjølvaste stiftingsdagen feirar vi våre første hundre år. Vi inviterer deg til ein hyggjeleg jubileumskveld med lått og løye, mat og prat. Set av dagen, og bli med!

Program:

  1. Arne Hjeltnes kåserer om målet
  2. Åsmund Svendsen fortel om vår første leiar, Halvdan Koht
  3. Audgunn Oltedal pirrar nynorskbrukarane i bokmålsland
  4. Bærumskoret ”Valborgs”
  5. Allsong, underhaldning, varmrett, kaffi og kake
Helsing jubileumsstyret i Bærum Mållag 2012: Idun Stokka, Hilde Rognlien Johansen, John Sundsby, Per Ivar Vaagland, Inger Gjerpe, Asgeir Bø, Astrid Ramnefjell, Tone Rossow, Marit Hovdenak, Audgunn Oltedal og Margit Løyland

Inngangspengar: kr. 100,-

Av omsyn til serveringa bed vi om påmelding innan 25.02.2012 til : John Sundsby, tlf.: 67 53 06 48, mobil: 473 13 398 eller e-post: john.sundsby@gmail.com

Før hundreårsfesten blir det årsmøte kl. 18. den 7.mars. Sakspapir for årsmøtet blir sendt ut med det første.



Innkalling til årsmøte onsdag 7. mars 2012 kl.18.00 i Kulturhuset Stabekk Kino - festsalen, Gamle Ringeriksvei 5

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Val av ordstyrar, referent og folk til å signera protokoll
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Val til styre
  6. Val av delegat til Noregs Mållag sitt 96. landsmøte 27. - 29. april i Oslo
  7. Innkomne forslag

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må sendast inn innan 1. mars 2012

Med venleg helsing
Styret

Årsmeldinga, som skal leggjast fram for årsmøtet for godkjenning, finn du her:
årsmelding 2011:

Rekneskapen for 2011 finn du her:
Rekneskap- 2011:


Vil du vita meir om kva som vart gjort i 2011 sjå:
Arkiv 2011:


Landsmøtet i Noregs Mållag 2012

Landsmøtet blir i Oslo 27.-29. april.
Meir informasjon om landsmøtet finn du her på NMs nettsider:
Landsmøtet 2012


Bærum Mållag innmeldt i Frivilligregistret. Grasrotordninga.

Bærum Mållag er nå registrert i Frivilligregistret i Brønnøysundregistra og er dermed med i grasrotordninga.Organisasjonsnummeret vårt er : 995 426 161. Grasrotordninga går ut på at dei som spelar gjennom Norsk Tipping kan gje 5 % til sitt lokallag - t.d. Bærum Mållag. Meir om grasrotandelen finn du her: Grasrotandelen


Kjende målfolk og politikarar som Halvdan Koht og Olav Midttun var mellom dei som tok initiativ til skipinga av Bærum Mållag. Mållaget i Bærum vart skipa 7. mars 1912. Trykk på biletet til høgre for å sjå framsida av jubileumsskriftet "Bærum Mållag 90 år 1912 - 2002": Gå til Bærum mållags historie



Til alle som har e-post adresse: Ver snill og send adressa til (trykk på denne knappen): John Sundsbys e-postadresse . Vi ynskjer å bruke Internett for å nå medlemmene: enklare og billegare for laget. På førehand takk!

Internettsida er sist oppdatert 17. februar 2012. Har du forslag til endringar, ta kontakt over e-post (trykk på denne knappen): John Sundsbys e-postadresse . John etablerte nettsidene i februar 2005 og oppdaterer dei med jamne mellomrom.


I dag er det:
Onsdag 30. Mai 2012

Denne Internettsida har hatt 14132 besøk etter 1. november 2008